VELKOMMEN TIL MIN FOTOBLOGG. HER VIL DU SJÅ MYKJE NATUR, SÆRLEG FRÅ SUNNMØRE OG MEST FRÅ ØRSTA OMRÅDET.

søndag 24. mai 2015

Vår på Bjørke































Treng vel egentlig ikkje så mange ord her.
Bileta er frå Bjørke - mi barndomsbygd. Vakraste stad på jord i mine auge:)
Tulipanane blømer så vakkert i hagen til mor og på første bildet tronar Bjørkehornet så 
majestetisk og vaktar over den vesle bygda der inst i Hjørundfjorden.

Det er så grønt og frodig her inne i denne trange fjordbotnen. 
Løvetanna blømer i tusental og lyser så fint opp på markane. Ugras - javisst -
men vakkert er det likevel.

mandag 16. februar 2015

Solnedgang over Hovdevatnet


Det har igjen vore nokre nydelege dagar her på Sunnmøre.
Og då vert ein lokka ut på tur med kameraet. Denne gongen var det solnedgangen over 
Hovdevatnet eg ville få med meg. Lyset var heilt fantastisk så eg synest desse bileta vart ganske bra.  Sjå og nyt!













































onsdag 11. februar 2015

Vindfullt på Flø

Det er nøyaktig ei veke mellom desse bileta og dei i forrige innlegg. Det skulle ein ikkje tru men mildver har jaga vekk det meste av snø og det minner meir om vår enn vinter. 

Flø i Ulstein kommune fasinerer meg. For oss som bur mellom fjord og fjell er det som å kome til ei anna verd å kome til Flø som ligg lenger ut mot kysten. Det var vindfullt og friskt denne dagen, men det gjev berre  meir spanande bilete. 











































Takk for at du vart med meg til Flø igjen :)

mandag 9. februar 2015

Fleire vinterbilde


Desse biletaa er frå forrige veke -  dagen etter at det hadde kome nysnø.
Då sola viste seg var det eit vakkert landskap som openberra seg og andre gjeremål måtte 
leggast til side til fordel for ein tur ut med kameraet. Resultatet ser du her.
Rett og slett vakkert!











































































Håper du hadde glede av turen langs Hovdevatnet du også:)